Os senioruniversitet - foredrag

Os senioruniversitet - foredrag
Event Ended
Event Ended

Tema: Gamlingar som vekstnæring
Ved: Journalist Asbjørn Kristoffersen

Asbjørn Kristoffersen har vore journalist i Bergens Tidende i over 40 år. Sjølv om han no er pensjonist, er han framleis å finna som petitskribent i avisa, no med tittelen Sjuande far i huset.
Asbjørn Kristoffersen, også omtala som vår tids Vestlandsfanden og surmaga stril, er kjend for sine satiriske betraktningar om store og små aktuelle samfunnstema, til stor underhaldning for lesarane. I 2015 fekk han Gullparaplyens heiderspris, ein pris utdelt av Bergens journalistlag. Same året ga Kristoffersen ut boka Gamlingar løner seg ikkje, ei samling petitar som viser korleis Kristoffersen er dei eldre si stemme i samfunnet.

Semesterkort (fri inngang)
Billettsal i døra kr 100.

All Bergen events